📅

Kortid?

6. – 9. oktober 2026. Dørene opnar tysdag kl. 14:00, og me pakkar saman fredag kl. 14:00.

📍

Kvar?

Øystese idrettshall. God parkering rett utanfor, og enkel tilkomst med buss.

🎟️

Billett

Billetten inkluderer fast plass med straum og internett under heile arrangementet.

🛏️

Overnatting

Separat sovesal med madrass-sone. Ta med sovepose og liggjeunderlag.

Pakkeliste

Kva du bør ha med

Kryss av medan du pakkar, så er du sikker på at du har alt du treng for ei topp LAN-helg.

🖥️Utstyr

  • PC eller konsoll
  • Skjerm og skjermkabel
  • Tastatur, mus og musematte
  • Hovudtelefonar / headset
  • Skøyteleidning (min. 3 m)
  • Nettverkskabel (min. 5 m, gjerne lenger)
  • Alle nødvendige ladarar og straumkablar

🛏️Overnatting

  • Sovepose eller dyne
  • Liggjeunderlag / luftmadrass
  • Pute
  • Toalettsaker og tannbørste
  • Skift av klede

🎒Godt å ha

  • Drikkeflaske
  • Litt kontantar / bankkort til kiosken
  • Snacks og godteri
  • Medisinar du treng
  • Godt humør 😄

Ofte stilte spørsmål

Eigen PC/konsoll, skjerm, tastatur, mus, headset og ein skøyteleidning (min. 3 m). Hugs òg ladarar, sovepose og godt humør. Dersom du manglar noko utstyr, kan du senda ein førespørsel om å låna utstyr (begrensa antall).

Arrangementet har ingen aldersgrense. Me lar heller foreldre avgjera om borna deira kan delta. Me legg til rette for eit trygt og inkluderande miljø for alle deltakarar, uansett alder. Me har vaksne vakter til stades heile døgnet.

Me køyrer kabla nett til kvar plass, med rikeleg kapasitet ut mot internett. Ta med eigen nettverkskabel (min. 5 m, gjerne lenger).

Ja! I påmeldinga vel du plass på setekartet.

Me har kiosk med rimeleg mat og drikke gjennom heile helga. Det er òg lov å ta med eigen mat.

Betaling skjer trygt med kort via Stripe når du melder deg på. Plassen din er sikra når betalinga er fullført.

Fleire spørsmål?

Ta kontakt eller bli med i Discord-serveren vår, så hjelper me deg vidare.