Personvern
Personvernerklæring
Slik samlar KvammaLAN inn, brukar og tek vare på personopplysningar.
Sist oppdatert: 3. juli 2026.
Kven er ansvarleg?
KvammaLAN 2026 er ansvarleg for personopplysningane som blir samla inn i samband med nettsida, påmelding, betaling og gjennomføring av arrangementet. Du kan kontakta oss på kvammalan.no@gmail.com.
Kva opplysningar samlar me inn?
Ved påmelding ber me om namn, e-postadresse, telefonnummer, fødselsdato, valt plass, eventuell gamertag og eventuelle kommentarar du sjølv skriv inn. Dersom du kontaktar oss eller sender tilbakemelding, lagrar me opplysningane du sender i skjemaet.
Kva brukar me opplysningane til?
Me brukar opplysningane til å:
- handsama påmeldinga di og reservera plass
- senda praktisk informasjon, kvittering og oppdateringar
- kontrollera rett billettype ut frå alder
- planleggja tryggleik, vakthald og praktisk gjennomføring
- svara på meldingar, crew-søknader og tilbakemeldingar
Betaling
Betaling blir gjennomført via Stripe. Me lagrar ikkje kortnummer eller betalingskortdetaljar på nettsida vår. Stripe handsamar betalingsopplysningar etter sine eigne rutinar og vilkår.
Kven deler me opplysningane med?
Me deler berre opplysningar når det er nødvendig for å drifta arrangementet og nettsida, til dømes med Supabase for lagring og Stripe for betaling. Me sel ikkje personopplysningar vidare.
Kor lenge lagrar me opplysningane?
Opplysningar knytte til påmelding blir lagra så lenge det er nødvendig for å gjennomføra arrangementet, handtera spørsmål i etterkant og oppfylla lovpålagde krav. Når opplysningane ikkje lenger trengst, blir dei sletta eller anonymiserte.
Rettane dine
Du kan be om innsyn i opplysningane me har om deg, be om retting eller sletting, og protestera mot eller avgrensa handsaminga der regelverket gir deg rett til det. Ta kontakt på kvammalan.no@gmail.com dersom du vil bruka rettane dine.
Tryggleik
Me brukar etablerte tenester og tilgangsstyring for å verna opplysningane. Berre personar som treng opplysningane for å gjennomføra arrangementet, skal ha tilgang til dei.