Kven er me?

KvammaLAN starta som ein idé blant medlemmer i Kvam E-sport, om å laga til eit større LAN i Kvam. Det første LAN-et gjekk av stabelen i 2021 og har sidan vorte arrangert kvart år.

Me er eit lite styre som driv arrangementet på dugnad, med god hjelp frå frivillige som stiller opp. Målet er å skapa ein trygg og sosial møteplass for gaminginteresserte i Kvam og nærområdet.

Kva me står for

Me vil at alle skal kjenna seg velkomne, uansett om du er proff eller aldri har rørt ei gamingmus. KvammaLAN skal vera trygt, inkluderande og ope for alle. Her heiar me på kvarandre!

Deltakarane skal kunna knyta nye venskap, utvikla ferdigheiter og ha det kjekt saman. Det sosiale er like viktig som konkurransane.

Om arrangementet

LAN-et varer i totalt 72 timar. Deltakarane tek med eigen PC eller konsoll og sit samla i hallen gjennom heile arrangementet. Kvam E-sport og KvammaLAN-styret legg til rette for eit variert og sosialt program med både digitale og fysiske aktivitetar.

Det blir konkurransar og aktivitetar i spel som Fortnite, Minecraft, bilsimulator og flysimulator, i tillegg til fleire små uoffisielle konkurransar. I tillegg blir det fysiske aktivitetar og pausar frå skjermen, slik at deltakarane får ei variert og kjekk oppleving.

KvammaLAN passar for alle som er interesserte i data, gaming og teknologi, uansett nivå. Du treng ikkje vera ein erfaren eller konkurranseretta spelar for å delta.

Arrangementet er rusfritt, og det er vaksne vakter og ansvarlege personar til stades heile døgnet. Me legg stor vekt på tryggleik, trivsel og respekt.

🎮 Fellesskap fyrst

Speling er kjekkast saman. Me legg til rette for at nye og gamle spelarar finn kvarandre.

💜 Dugnad

Alt blir drive av frivillige. Vil du bidra? Bli crew!

🌱 For bygda

Me held til i Øystese idrettshall og er stolte av å skapa aktivitet for ungdom i nærmiljøet.

Glimt frå KvammaLAN